fredag 6. mai 2011

Skivebom

Eg innser at eg kan ha gått på ein smell når det gjeld karriereval. Eg skal bli biolog. Og som kjent må ein nødvendigvis tilbringe eindel tid ute i naturen som biolog, sidan det tross alt er naturen ein studerar når ein er biolog. Eg trivast godt med å vere ute på tur. Mykje frisk luft, mosjon og mykje fint å sjå på. So far, so good. Men, og det er her problemet kjem inn, eg er litt over middels redd for ganske mykje. Ganske mykje inkludert fleire dyr som finst naturleg i norsk fauna (eller som eigentlig ikkje finst der i det heile teke, men som eg likevel er redd for). Eigentleg så tørr eg ikkje heilt å gå i skogen (i alle fall ikkje utan slagstøvlar og med svært observant blikk) fordi eg er så redd for å treffe på huggorm. Og det er sjeldan eg tørr å vere særleg lenge ute i sjøen om sommaren fordi eg er så redd for at det skal komme ein hai og ta meg. Så dykking, det tørr eg i alle fall ikkje. Og noko studie av økosystema i grotter skal eg iallefall ikkje prøve meg på, for i grotter bur det flaggermus som garantert kjem til å sette seg på hodet mitt om eg ikkje kryper saman i fosterstilling når eg ser dei fly over hovudet mitt. Og når eg er på hyttetur på fjellet så tørr eg ikkje gå på do aleine. Det kan jo komme ulv eller bjørn for å ta meg.

Det ser ut som at den einaste planen som kan fungere er å skrive masteroppgåva mi om ein bitteliten, skjeldan fjellblomst som berre vekst på eit fjell så forblåst og langt fra havet at verken hai, orm, flaggermus, ulv eller bjørn er å sjå på mils avstand. Hello ullgenser og vindvotter! Eg gler meg.

mandag 4. april 2011

Hyttekos

Tredje helga i mars var eg, Magnus, Ingerid og Mikkel på hyttetur. Det har Ingerid blogga veldig fin om :)

torsdag 17. februar 2011

Snørr, snørr, snørr og meire snørr

I helga var det Vintertreff i Florø. Det var ei veldig hektisk og meget vellukka helg. Eg og Ingerid hadde ansvar for gjennomføring av lydprøve og konsert på laurdagen (27 innslag fordelt på 14 aktørar er ikkje berre berre) i tillegg til planlegginga av gudstenesta som avslutta heile treffet på søndagen. Konlusjonen vår etterpå var at vi er eit radarpar når det kjem til planlegging og gjennomføring av dei planane vi har laga. Det er ingen sak å ha mykje ansvar når ein har det saman med nokon ein arbeider godt saman med. Eller når det står så mange flinke folk rundt klar til å ta i eit tak når ein treng hjelp til ting. Og når vi i tillegg var så heldige at vi hadde med oss kvar vår kjærast som kunne bidra med bandteknisk kompetanse både på laurdagen og søndagen, i tillegg til å komme med oppmuntrande ord og passe på at vi fekk i oss mat og at vi hugsa på å puste litt innimellom, så måtte det jo berre gå bra.

Eg kom som vanleg heim og tenke "For ei flott helg!" og "For ein flott krins eg kjem frå!". Og eg hadde som vanleg med meg ein god porsjon baseluskar som har sørga for tett nase, tett bryst og tett hovud denne veka. Så no ligg eg her med snytepapir, hosesaft, halspastillar, slimløysande tablettar, paracet og nasespray og slappar av for harde livet sånn at eg kan bli frisk til å stå på telemark i Hemsedal til helga. Eg har klokketru på at det skal gå fint :)

mandag 14. februar 2011

Casa Murilo i Majorstuen kirke

For litt sidan var Kor Major med på musikkvideoinnspilling for Casa Murilo si låt "Show some restraint". Kor Major er altså koret eg syng i, medan Casa Murilo er eit band beståande av opptil fleire kjente som er på god ved til å slå gjennom med musikken sin. 4. mars slipper dei si første plate. Det er kjekt når flinke folk lukkast!

Her er musikkvideoen.

tirsdag 21. desember 2010

Juleferie

Det er deilig når dagens mål er å pakke inn tre julegåver og å vere ferdig påkledd og presentabel til middagstider sånn at ein kan dra på julegåvebesøk til tante, onkel og snart 6 og 10 år gamle kjekke søskenbarn.

Og så er det fantastisk når det er ser når ein ser ut av stoveglaset er det her:


fredag 3. desember 2010

Adventskos og pakkekalender

Eg har verdas beste mamma som nok ein gong har glimta til og overraska med pakkekalender i posten. Så ivrig var eg etter å hente pakken at eg stod 10 minutt ute i stivkulda og venta på at postkontoret skulle opne i dag tidleg. Det er godt ein aldri blir for gammal til å føle ekte barnsleg glede over sånt :)

Kalenderen har fått heidersplass i ein kurv i glaskarmen ved sidan av den sjølvlaga adventsstaken med adventsstjerna hengande over, så adventsstemninga i heimen er det ingenting å sei på.

Det er fint å ta seg tid til litt adventskos midt i alt mørket, kulda og eksamensstresset. Tenne lys.
Sjå på "Jul på Månetoppen". Høyre på julemusikk, eller anna musikk. Akkurat no er det Bugge Wesseltoft med "It's snowing on my piano" som kjem ut av høgtalarane. (Forøvrig ei fantasisk juleplate som anbefalast på det sterkaste.) Å ta seg tid til litt sånn kos gjer det litt meir uthaldeleg å tenke på at det er endå to veker før eg kan ta juleferie. På mandag er det i gang med første eksamen. Kan ikkje sei at eg føler meg klar, men det går vel på et vis får vi tru.

Nokre stemningsbilete frå adventsstova:





I dag fekk eg opne tre pakkar. Dei inneholdt brødkrydder, muffinsformer av silikon og ein pose stjernemix. Nydelig for ein fattig student :)

fredag 26. november 2010

Det eigentlege livet

Lesesalskjøret er i gang igjen for fullt. Det er rart korleis ein kan klare å presse seg til å sitte statisk dag ut og dag inn og lese så det freser, når ein egentlig er så sliten at ein nesten ikkje klarer å stå på beina. Litt skummelt er det i grunn, at ein kan klare å presse seg sjølv så til dei grader. Men når dagane på lesesalen blir lange, novemberlufta er kald og dagslyset må gi tapt for mørket etter litt for få timar er det godt å kunne koble litt av og drømme seg tilbake til gode opplevingar i året som har gått. Her er nåkken glimt:

Blide biologistudenter på feltkurs i Drøbak

Ein minneverdig sommardag på Bygdøy

Bestemor og bestefar på Oslotur som kviler middag i senga mi

Tapaskveld med fine jenter

Kos i bålrøyken ved Øyungen

Utsikt mot Børrvasstindan frå stovevindauget til bestemor

Sigurd i full konsentrasjon om dominobygginga

På tur til nydelige Mjelle med mamma og bestemor




Ei fantastisk reunionhelg i deilig Danmark og Silkeborg



Så har visst høsten inneholdt noko anna enn berre slit og mas med skule. Og godt er det! Til våren skal eg vere enda flinkare til det. Til å glømme skulen for ei stund og bruke tid på det som gir glede, trivsel og lyst, og som bygger opp energilagera. Det som egentlig er livet. Eg gler meg allereie!