søndag 8. november 2009

Heimehelg

Torsdag kveld sette eg meg på flyet og reiste heim til Florø for ei helg med avslapping, familiehygge, biologilesing og litt miljøforandring. Det gjorde verkeleg godt!

I løpet av helga har eg spist lutefisk, vore på krabbefiske, hatt krabbefest med familie og tilbrakt litt kvalitetstid med mitt herlege fadderbarn, slakka forran tv'en, debutert som kjørelærar (litt hysj, hysj, men det var på ein bø langt oppe i Naustedalen, så mykje gale kunne ikkje ha skjedd), vaska ut av campingvogn, spist bestemor sine deilige hjortekjøttkaker, gått tur, óg nådd helgas lesemål som var fire kapittel i biologiboka. Eg er storfornøgd :)

No er eg tilbake i Oslo og prøver å mote meg opp til ein månad med eksamenslesing - og førebuingar. Med den fine leseplanen eg laga meg på torsdag har eg i alle fall oversikt over kva eg burde ha gjort. Så får vi sjå kor overkommerleg den er.

Litt bilder:

Klargjering av teiner før setting

Tøffe Kristian

Fangsten

Koking av krabber

Biologilesing (legg særleg merke til permen til venstre med dei særs velorganiserte biologinotata)

0 kommentarer: