lørdag 13. mars 2010

Lørdagskveld på Keyserløkka

Med to eksamenar på programmet dei neste par vekene går det meir eller mindre i ett for tida. Tidleg opp, lesesal og førelesingar heile dagane, kanskje ei treningsøkt før eg kjem meg heim, får i meg nåkke mat og drøser litt på sofaen eller senga før eg legger meg. Etter ei hektisk veke og gode seks timar på lesesalen i dag frista det lite med ein veldig sosial lørdagskveld, så i kveld har eg hatt ein fantastisk roleg og avslappande heimealeine-kveld. Pasta og laks med kvitvinssaus stod på menyen, og makan så godt det blei! Etterpå blei det NRK nett-tv med Lars Monsen og Ingen grenser (for ein gjeng!) og eit Ut i Naturen-program frå Vega på Helgeland (Himmelblåland), før eg endelig fikk hørt på Imogen Heap cd'en eg fekk av Kirsten til bursdagen og lest nokre sider i boka eg holder på med no, "Mors og fars historie" av Edvard Hoem.

Og sånn elles så byrjer endeleg vårsola å varme litt i hovudstaden. Det er deilig! Og om to veker drar eg til Nord-Norge på påskeferie. Det er over to år sidan eg var der sist, så det er verkeleg på tide, og det blir veldig kjekt:) Og så var eg på kino med Ingerid igår og såg Avatar. Ingerid beskriv den opplevinga ganske godt her.
Eg hadde over hodet ingen forventningar og blei mildt sagt positivt overraska. Makan for ein film!

4 kommentarer:

Ingerid sa...

Høres ut som en DEILIG kveld! Og det hadde du fortent, flinka :)

bassisten sa...

Nice. Du e flink altså!

Hva synes du om cd´n?

:)

Mildrid sa...

I like it! Har ikkje fått hørt sånn kjempemykje på den (går mest i eksamenslesing for tida), men liker veldig godt det eg har hørt av den hittil:)

Inger Julie sa...

Hmmm.... Fikk mæ te å mimre tilbake te gode studentdaga i Oslo. Nyt de!!!! D e stritt med eksamenslesinga, men også fritt og deilig...