lørdag 10. april 2010

Vårdag i sola

Dei to siste dagane har Oslo diska opp med skikkeleg vårvær. Det er heilt fantastisk! I dag viser gradestokken deilige 12 grader. Då er det fint at det er helg og at ein har tid (og samvittigheit) til å ta seg fri og nyte det.

I går var eg på "Nyoppussa bad"-fest hos Vibeke og Niels Peter før eg drog vidare på bursdagsfest hos Hanne (Sørensen). Fine folk og god stemning. For å slippe å bruke ei formue på taxi blei eg med Ingeborg og Christina heim og sov der. I dag tidlig (kanskje meir formiddag egentlig) laga Christina tacograteng til frukost (nam!) før vi sammen med Ingeborg tusla nedover til sentrum for å treffe Agnes. Videre gikk turen til Aker Brygge for is og kos i sola. Det var mange som hadde fått samme ideen som oss, men Aker Brygge er faktisk kos uansett om det er stappfult av folk. Videre traska eg og Agnes oppover Grünerløkka. Konklusjonen er at Oslo er ein fin by å bu i når vårsola skinner. I kveld kjem Øystein og Heidi for å ete pizza og spille Carassonne. Det blir toppen på ei kransekake av ein dag (i denne settingen er kransekake eit positivt lada ord om nåkken lurte).

Eg elsker at våren nettopp har komt og at eg har mange dager som den her i vente!

4 kommentarer:

Ingerid sa...

Eg spyyr!

Bra du kosa deg og nyte livet, du fortena det altså. :)

Heidi sa...

Jey! koste meg masse hos deg i går =)

Mildrid sa...

Ingerid: Tenk, på tirsdag er det din tur! :)

Heidi: Ja, det var kjempekoselig! Må prøve å få til det igjen før dåkke flytter.

Åshild sa...

Lucky you! Neste uke er det vår tur!:D