Eg har vore på feltkurs i biologi. Heile våren har eg gått og mota meg opp til desse dagane. 9 dagar obligatorisk feltkurs, 150 kr natta, etter ein intens eksamensperiode. Det har ikkje berre vore lett å sjå positivt på at dei første to vekene av sommarferien skulle brukast på den måten. Men så reiste vi til Drøbak, og etter det til Tomb (i Råde), og no kan eg ikkje sei anna enn at eg har hatt to herlege veker på feltkurs i BIO1200.
I Drøbak var det marin biologi som stod på programmet. På Tomb i hovudsak terresterisk biologi (altså alt som lever på land). Vi var ute med båt og tok planktontrekk og botnskrap, både på mudderbotn og hard botn. Vi var i fjæra og leita etter tang og tare. Vi var ved ferskvatn og fanga insekt, både på land og i vatn. Og vi var på strand, i myr, i barskog og i lauvskog og studerte plantar, dyr og sopp. Kveldane gjekk med til flittig labaktivitet der vi studerte det vi hadde funne i løpet av dagen i mikroskop og lupe og prøvde å bestemme kva det var vi hadde funne.
Etter desse vekene må eg konkludere endå ein gong med at det meste kan bli frykteleg interessant så lenge du får oversikt over temaet og ikkje minst kunnskap på detaljnivå. Eg har tatt meg sjølv i å storkose meg med å sitte og artsbestemme biller på lab. Det hadde eg aldri trudd at eg nokon gong skulle gjere. Eg må også konludere med at faghumor er og blir veldig fasinerande. Eg vedder på at 90 % av dei vitsane vi har ledd godt og lenge av desse vekene ville ført til heva og augebryn og oppgitt risting på hovudet av utanforståande. Det er frykteleg lett å bli miljøskada, det skal vere sikkert.
Ute i felten har vi så til dei grader fått kontakt med barnet i oss. Når hjelpelæraren på stranda spurde om nokon hadde funne noko spennande dukka det fem ivrige hoder opp frå det høge graset der alle i kor ropte: "Ja, sjå her!". Etterpå smilte alle som stolte 5-åringar etter at vi hadde fått skryt for den spesielle billa eller grashoppa vi hadde funne (som heilt sikkert ikkje var så spesiell som hjelpelæraren gav uttrykk for). Det var vel ikkje vidare negativt i den samanhengen at mange av hjelpelærarane var kjekke, barske og dyktige masterstudentar i 20-åra som fekk meir enn eit studenthjarte til å banke litt raskare. Ord som "drepeglas" (eit lite syltetøyglas med korkpropp der ein dryp eter på eit filtbit slik at insekta blir bedøvd og dør) og exhauster (ein glaskoble med eit munnstykke og ein gummislange der ein sug inn luft gjennom munnstykket lik at flua, billa eller edderkoppen ein prøver å fange blir sugd gjennom gummislangen og inn i kolben) er dessutan blitt heilt normale ord i vokabularet i løpet av veka. "Ella, hent drepeglaset fort! Eg trur eg har fanga ei lauvgrashoppe!"
Men sjølv om eg har blitt veldig fanga av det faglege, var det like mykje alt rundt det som har gjort desse vekene så kjekke og morosame. Gjengen som reiste var ein utruleg fin og sosial gjeng, og det var blitt mange nye, trivelege beskjentskap i løpet av kurset. Det har blitt mykje kortspel, fotball, volleyball og kveldsturgåing. St. Hans blei feira på husmannsplassen ute i skogen ved Tomb landbruksskole (der vi budde siste delen av feltkurset). Der var det god stemning og det blei tydeleg understreka at det var biologifest vi var på då Kjetil (den eine hjelpelæraren) byrja å dele ut labsprit godt aromatisert med pors og eit fint utval av ulike insekt i små labglas. Tru det eller ei, det smakte ikkje så verst, og vi overlevde heile gjengen.
Så var det til slutt der her med å innsjå fakta. Eg har fått tyn for det på bloggen før, eg har innrømt det før, og eg innrømmer det gjerne igjen: Eg er og blir litt nerd. Men når nerd betyr å evne å engasjere seg sånn i biologi at eg kan vere strålande fornøgd med å ligge med rompa til værs og nasen ned i bakken og studere biologi i ni dagar til ende, då er det greit å vere nerd kjenner er:) Og verre skal det vel bli om eg gjennomfører det som verker meir og meir fristande no: Å ta master i biologi. Tida vil vise, men akkurat no kjenner eg for første gang at eg er ordentlig gira på ein studieidé eg har hatt, så då er det kanskje på tide å begrave fornuft for ei lita stund og heller følge engasjement og lyst.




2 kommentarer:
Men er det så stort problem å være nerd da..? Jeg liker deg (og det). =)
Nei, egentlig så trives eg veldig godt med å vere nerd:) Men man må tåle litt tyn for å vere det er mi erfaring.. :)
Legg inn en kommentar