onsdag 14. juli 2010

Namnet skjemmer ingen

Eg heiter Mildrid. Det er det 831 andre som har som første fornamn (454 som har det som einaste fornamn). Eg har lenge trudd at det berre var meg og 830 damer over 6o som heitte det. Men jammen meg er det ikkje ei som arbeider på Flora Omsorgssenter som heiter det, og ho er iallefall under 50! Etter rapporten i dag opplevde eg for første gong at nokon ropa "Mildrid" og at vi var to som snudde oss. Ein ting er i alle fall sikkert, og det er at det er lite sannsynleg at det kjem til å skje igjen med det første.

Grafen taler vel for seg sjølv.


Det var jammen godt mamma og pappa ikkje kalla meg Mathilde sånn som dei først hadde tenkt. Det var jo berre gamle damer som heitte Mathilde. Eller?

3418 har Mathilde som første fornamn.

No høyres det ut som at eg er misfornøyd med å heite Mildrid. Det er eg på ingen måte. No er eg storfornøgd med at når nokon ropar Mildrid så er det (som regel) meg dei vil ha tak i. Men det tok nokon år å komme dit.

0 kommentarer: