Kalenderen har fått heidersplass i ein kurv i glaskarmen ved sidan av den sjølvlaga adventsstaken med adventsstjerna hengande over, så adventsstemninga i heimen er det ingenting å sei på.
Det er fint å ta seg tid til litt adventskos midt i alt mørket, kulda og eksamensstresset. Tenne lys. Sjå på "Jul på Månetoppen". Høyre på julemusikk, eller anna musikk. Akkurat no er det Bugge Wesseltoft med "It's snowing on my piano" som kjem ut av høgtalarane. (Forøvrig ei fantasisk juleplate som anbefalast på det sterkaste.) Å ta seg tid til litt sånn kos gjer det litt meir uthaldeleg å tenke på at det er endå to veker før eg kan ta juleferie. På mandag er det i gang med første eksamen. Kan ikkje sei at eg føler meg klar, men det går vel på et vis får vi tru.
Nokre stemningsbilete frå adventsstova:
1 kommentarer:
Ja, mamma glimtar til stadig vekk; og du veit å sette ppris på det og lage kos rundt deg. Ein god eigenskap!
Pappa
Legg inn en kommentar