torsdag 17. februar 2011

Snørr, snørr, snørr og meire snørr

I helga var det Vintertreff i Florø. Det var ei veldig hektisk og meget vellukka helg. Eg og Ingerid hadde ansvar for gjennomføring av lydprøve og konsert på laurdagen (27 innslag fordelt på 14 aktørar er ikkje berre berre) i tillegg til planlegginga av gudstenesta som avslutta heile treffet på søndagen. Konlusjonen vår etterpå var at vi er eit radarpar når det kjem til planlegging og gjennomføring av dei planane vi har laga. Det er ingen sak å ha mykje ansvar når ein har det saman med nokon ein arbeider godt saman med. Eller når det står så mange flinke folk rundt klar til å ta i eit tak når ein treng hjelp til ting. Og når vi i tillegg var så heldige at vi hadde med oss kvar vår kjærast som kunne bidra med bandteknisk kompetanse både på laurdagen og søndagen, i tillegg til å komme med oppmuntrande ord og passe på at vi fekk i oss mat og at vi hugsa på å puste litt innimellom, så måtte det jo berre gå bra.

Eg kom som vanleg heim og tenke "For ei flott helg!" og "For ein flott krins eg kjem frå!". Og eg hadde som vanleg med meg ein god porsjon baseluskar som har sørga for tett nase, tett bryst og tett hovud denne veka. Så no ligg eg her med snytepapir, hosesaft, halspastillar, slimløysande tablettar, paracet og nasespray og slappar av for harde livet sånn at eg kan bli frisk til å stå på telemark i Hemsedal til helga. Eg har klokketru på at det skal gå fint :)

0 kommentarer: