fredag 6. mai 2011

Skivebom

Eg innser at eg kan ha gått på ein smell når det gjeld karriereval. Eg skal bli biolog. Og som kjent må ein nødvendigvis tilbringe eindel tid ute i naturen som biolog, sidan det tross alt er naturen ein studerar når ein er biolog. Eg trivast godt med å vere ute på tur. Mykje frisk luft, mosjon og mykje fint å sjå på. So far, so good. Men, og det er her problemet kjem inn, eg er litt over middels redd for ganske mykje. Ganske mykje inkludert fleire dyr som finst naturleg i norsk fauna (eller som eigentlig ikkje finst der i det heile teke, men som eg likevel er redd for). Eigentleg så tørr eg ikkje heilt å gå i skogen (i alle fall ikkje utan slagstøvlar og med svært observant blikk) fordi eg er så redd for å treffe på huggorm. Og det er sjeldan eg tørr å vere særleg lenge ute i sjøen om sommaren fordi eg er så redd for at det skal komme ein hai og ta meg. Så dykking, det tørr eg i alle fall ikkje. Og noko studie av økosystema i grotter skal eg iallefall ikkje prøve meg på, for i grotter bur det flaggermus som garantert kjem til å sette seg på hodet mitt om eg ikkje kryper saman i fosterstilling når eg ser dei fly over hovudet mitt. Og når eg er på hyttetur på fjellet så tørr eg ikkje gå på do aleine. Det kan jo komme ulv eller bjørn for å ta meg.

Det ser ut som at den einaste planen som kan fungere er å skrive masteroppgåva mi om ein bitteliten, skjeldan fjellblomst som berre vekst på eit fjell så forblåst og langt fra havet at verken hai, orm, flaggermus, ulv eller bjørn er å sjå på mils avstand. Hello ullgenser og vindvotter! Eg gler meg.

1 kommentarer:

Anders sa...

Skulle til å foreslå Svalbard som et sted uten så mye orm og slikt, men så kom jeg på Isbjørn...