søndag 29. april 2012

Nytt forsøk

Skrivesperra blei lang. Nesten eit år. Eigentlig tenkte eg at no var det nok med blogging og eg hadde tenkt å slette heile bloggen og avslutte bloggkarriera. Men så har eg i det siste kjent på at det skjer så mykje fint i livet mitt for tida, og at det hadde vore kjekt å dele det med familie og venner (og eventuelt andre interesserte). Så her er eg igjen. Ny utsjånad. Blanke ark. Eit nytt forsøk. Og kanskje på ein litt annan måte enn forrige gong. Så får vi sjå kor lenge skrivelysta blir verande den her gongen.

Ingen kommentarer: