søndag 11. november 2012

Arktisk biologi og det kommande Svalbardlivet

Det blir visst ein rykk og napp blogg denne bloggrunden og. Sånn må det visst berre vere.

Eg har den siste veka hatt tilhald i Longyearbyen på Svalbard. Her skal eg vere i endå ei god veke før eg vender nasen tilbake Oslo. Grunnen til at eg er her er at eg tek eit masterkurs som heiter "Arctic winter ecology". Vi lærer om korleis ulike organismegrupper er tilpassa vinteren i Arktis - både anatomisk, fysiologisk og adferdsmessig, og om korleis vinterforholda (i kontrast til sommarforholda) påverkar biologien og økosystemet her oppe. Undervisninga foregår både innandørs og utandørs, og foreleserane er ofte dei flinkaste av dei flinke på sitt fagfelt. Det er veldig inspirerande å lære frå sånne folk. Dei har vore med på så utruleg mykje rart! Og feltarbeid i den arktiske vinteren - det er barsk det! Normaltemperaturen har låge under -15 grader kvar feltdag så langt, og då har vi ikkje begynt å rekne på effektive kuldegrader. Vi føler oss litt som små månemenn der vi vagger av garde i tjukke overtrekksdressar og alt for store scootersko for å gjere observasjonar og målingar ute i polarnatta. Men til tross for mange relativt kalde timar ute i kulda går det enn så lenge bra med både tær og fingre og nase. Det gjenstår å sjå korleis det går når vi skal tilbake i mars og temperaturane normalt ligg endå endel lågare.

Dette, og neste bolk av kurset som går i mars, vert eigentleg berre ei opplading til at eg frå neste sommar av skal tilbringe eit heilt år her oppe. Då er det masterarbeid som står på planen. I juni reiser eg opp, og heile sommaren vert det feltarbeid og kurs i arktisk planteøkologi i meir eller mindre skjønn forening. Med ei vekes feltcruise i økologikurset og potensielt både feltcruise og andre feltturar i kortare eller lengre avstand frå Longyearbyen i samband med masterfeltarbeidet ligg det an til å bli ein sommar med store opplevingar og mykje læring. Hausten og vinteren kjem eg til å sitte på lab og med analyser av innsamla materiale og data.

Eg ser fram til året med ein slags skrekkblanda fryd. Mest sannsynleg blir det eit fantastisk år og eg er kjempeglad for å få muligheita til å gjere noko som eigentleg har vore ein draum sidan eg var på Svalbard sist gong for over fem år sidan - å tilbringe eit år i arktis. Med midnattsol, permafrost, fantastisk natur, eit fasinerande (og utruleg tilpassa) dyreliv, turar, mørketid, festivalar og alt det andre Arktis og lokalsamfunnet her i Longyearbyen har å by på. Samtidig kjenner eg at eg pusher nokon grenser ved å dra opp hit for eit heilt år - i utgangspunktet heilt åleine. Bort frå alt det trygge og fine i Oslo. Bort frå alle dei folka eg setter sånn pris på å sjå jevnleg. Bort frå Blindernlivet som eg begynner å like så innmari godt. Bort frå alle dei aktivitetane og hendingane eg likar å fylle kvardagen med. Men, er det ikkje sånn dei store opplevingane som vert sittande for livet blir til? Når ein beveger seg litt utanfor komfortsona og vågar å ta eit steg ut i det ukjente og potensielt fantastiske? Forhåpentlegvis er det den kjensla eg sit igjen med når det året er over, at eg er glad for at eg tok moglegheita og at eg aldri ville vore det året foruten.

Men enn så lenge skal eg nye Oslolivet og alt det har å by på til det fulle. Om ikkje lenge er ski - og vintercampsesongen i gang. Hu hei som eg gler meg!

PS. Sidan kameraet mitt har vore på ein aldri så liten svipptur til Alta (lang historie) blir det ingen Svalbardbilder i denne omgang. Lovar å komme sterkare tilbake :)

Ingen kommentarer: