Når familien Svoen skal på påsketur er visst ingenting overlatt til tilfeldighetane. "Kas type appelsin skal vi kjøpe? Dei her er lausvektappelsiner og dei her er fra nett." Konklusjon: Lausvektappelsiner er best.
tirsdag 15. mai 2012
onsdag 2. mai 2012
Herleg 1. mai-tur
Tidleg på tirsdagsmorran drog eg og Helene frå Oslo i retning av Gaustatoppen. Etter i underkant av tre timars køyring var den plutseleg der, Gaustatoppen, klar til å bli beseira.
Og etter tre timar med svetting og melkesyre i låra var vi endeleg på toppen. (Lyst på eit tips? Ikkje dra på spinning dagen før du skal på topptur..)
Utsikta på toppen var heilt fantastisk.
Det samme var temperaturen.
Nåkken tok den litt lenger enn andre. Han kjørte like godt ned igjen i same på(/av)kledning, sjølvsagt med skredsøkar rundt livet.
Vel nede og særs fornøgd med dagen.
søndag 29. april 2012
Solfylt søndag
Sola skinner og det er varmt og deilig i Oslo i dag. Eg hadde ei oppgåve eg måtte skrive ferdig, men tok like gjerne med meg macen og satte meg på Baker Hansen på Hasle Torg for å skrive. Det var veldig vellykka og eit fint kompromiss når ein først må skrive oppgåve på ein så fin søndag.
Etterpå gikk eg meg ein tur nedover Tøyenparken og til Botanisk hage. Sånn såg det ut i Tøyenparken. Diggbart.
Nytt forsøk
Skrivesperra blei lang. Nesten eit år. Eigentlig tenkte eg at no var det nok med blogging og eg hadde tenkt å slette heile bloggen og avslutte bloggkarriera. Men så har eg i det siste kjent på at det skjer så mykje fint i livet mitt for tida, og at det hadde vore kjekt å dele det med familie og venner (og eventuelt andre interesserte). Så her er eg igjen. Ny utsjånad. Blanke ark. Eit nytt forsøk. Og kanskje på ein litt annan måte enn forrige gong. Så får vi sjå kor lenge skrivelysta blir verande den her gongen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)












